Hva leser Guro Steine Letting?

Eg ser alltid fram til å lesa! Å dykka inn i ei historie gir kvile for hovudet. Å lesa på senga er ei vane eg har teke med meg sidan barndommen. Romanar er eit vindauge til andre menneske sine liv – litt som kvardagen på fastlegekontoret. Men smarttelefonen freistar stadig, og eg tek meg sjølv i å skrolla gjennom nettavisene før eg opnar boka. På nattbordet ligg no Hegel – en enkel bok om en vanskelig filosof av Sigurd Hverven. Den har eg lånt på biblioteket og allereie fornya to gonger. Det går nemleg ikkje så fort framover, sjølv om det er ei veldig interessant bok. Hegel levde på 1800-talet, og Hverven forklarar tankegodset hans i ei moderne vinkling, og gjer det lettare tilgjengeleg for vanlege folk. Hegel sine tankar om krig, kjærleik og historie er interessante. Det gir perspektiv på kvardagen vår i dag.